Trygghetsalarm

Ein trygghetsalarm bidrar til at du kjenner deg trygg i eigen heim, ved at du enkelt får hjelp ved akutte situasjonar. Dei som av ulike grunnar kan ha behov for å tilkalla hjelp frå kommunen si heimeteneste kan få ein slik alarm. 

Trygghetsalarmen har du på deg til ei kvar tid. Dersom du utløyser trygghetsalarmen, vil helsepersonell umiddelbart ta kontakt eller komme heim til deg.

Alarmen kan du ha rundt halsen som et "smykke" eller på armen som ei "klokke".

  • Alarmen skal kun benyttast i akutte situasjonar
  • Du må kunne bruke alarmen
  • Du må sørge for at det er mogleg å tilkoble trygghetsalarm

Heimetenesta monterer ein nøkkelboks, kor nøkkel til inngangsdøra skal oppbevarast.

Søk om trygghetsalarm

Du kan søke om trygghetsalarm via elektronisk søknadsskjema.

Når me har motteke din søknad, får du besøk av nokon som vurderer din situasjon og om du har behov for alarm. 

Vil du heller søke på papirskjema? 

Skriv ut papirskjemaet.

Skjemaet må sendast, eller leverast, til:
Hjelmeland omsorgssenter
Vågavegen 116
4130 Hjelmeland

Pris for trygghetsalarm

Betaling for leige av trygghetsalarm 2024
Leige av trygghetsalarm Gebyr i kr.
Abonnement pr. månad 370