Jordmor

Alle har tilbod om jordmorteneste i Strand kommune. 

Bestill time for kontroll

Telefon 51 74 21 80

Jordmor kan hjelpe med

  • Samtalar og rettleiing i planleggingsfasen
  • Følge opp gravide og fosteret si helse gjennom regelmessige svangerskapskontrollar
  • Gi støtte og omsorg i svangerskap og barseltid
  • Informasjon om fosteret si utvikling, amming, fødsel og barsel
  • Tilby heimebesøk etter fødsel
  • Diskutera og svara på spørsmål og emner kvinna sjølv ønsker å belysa

Tema kan vera

  • Levevanar
  • Tilknytting til barnet i magen
  • Mor si fysiske og psykiske helse
  • Førebuing til amming
  • Førebuing til fødsel
  • Førebuing til foreldrerolla og barseltid

Det blir også utført medisinsk kontroll av mor med urinprøve og måling av blodtrykk, samt måling av vekst, leie og lytting av hjartelyd på foster. 

Sjå oversikt over svangerskapskontrollane og kva som skal sjekkast kvar gang (PDF, 19 kB)

Heimebesøk

Dette er eit tilbod til alle, også dei som ikkje har gått til jordmor i svangerskapet. 

Målet med heimebesøk er å etablere eit godt samarbeid om barnet og mor si helse heilt frå starten av. 

Helsesjukepleiar vil koma heim til dykk ein av dei første dagane etter heimkomst. Me ser på trivselen til barnet, vekt og rettleiar i amming saman med dykk som foreldre. Me ser også på helsetilstanden til mor og snakkar om fødselsopplevinga saman med dykk. 

Jordmor har ikkje anledning til å koma på heimebesøk, men de er velkomne til Jørpeland for samtale/oppfølging etter fødsel.