Undersøking av helsesjukepleiar, fysioterapeut og lege på helsestasjonen på Hjelmeland.
Vaksinasjon på skulen, eller helsestasjonen på Hjelmeland etter avtale.
Høgde- og vektmåling på skulen.
Informasjon i klassane om folkehelse og psykisk helse.
Helsesjukepleiar/psykiatrisk sjukepleiar har samtale med alle elevar, samt måling av høgde og vekt.
Seksualundervisning på skulen.
Du vil få tilbod om gratis vaksiner til barnet ditt ut frå gjeldande nasjonalt barnevaksinasjonsprogram.
Allergisk reaksjon på vaksiner kan skje i sjeldne tilfelle, og alle barn skal difor observerast i minst 20 minutt etter vaksinasjon.
Skal de reise utanlands kan det være nødvendig med fleire vaksiner enn det helsestasjonen tilbyr. Ta kontakt med helsesjukepleiar eller annan reisevaksinatør i god tid før avreise, slik at barnet rekk å gjennomføra dei anbefalte vaksinasjonane. Les gjerne råd frå NHI, før du bestemmer deg for å ta med små barn på reise.
Publisert 22.05.2018 10.20
Sist endra 18.11.2024 15.13