Skulehelsetenesta er ei forlenging av det førebyggande og helsefremmande arbeidet i sped- og småbarnsalder. I skulehelsetenesta arbeidar helsesjukepleiar, psykiatrisk sjukepleiar, fysioterapeut og skulelege.
Tenesta er eit tilbod til alle skuleelever under 20 år. Me gir råd og rettleiing, gjennomfører helseundersøkingar og vaksinasjonar. Me kan, når det er behov for det, vise vidare til anna helsepersonell som fastlege, tannlege eller spesialist. Snakk med lærer/helsesjukepleiar/skulelegen om det er helse/trivselsproblem, som kan ha innverknad på eleven sin skulesituasjon.
Nasjonal fagleg retningslinje for helsestasjons- og skulehelsetenesta.
Publisert 22.05.2018 11.11
Sist endra 18.11.2024 15.14