Teamet består av ein sjukepleiar, ein ergoterapeut og ein hjelpepleiar. Me samarbeider med fastlegar, heimetenesta og anna helsepersonell. Me ønsker å hjelpe enkeltpersonar og deira familiar der det er mistanke om begynnande hukommelsessvikt.
Kva kan me tilby?
Hukommelsesteamet er eit lågterskeltilbod til personar som har fått problem knytt til hukommelsen. Teamet kjem på heimebesøk etter ønske frå brukar sjølv eller pårørande. Dei har tausheitsplikt.
Kva kan hukommelsesteamet bistå med?
Dei kan bistå med å kartlegge årsaka til hukommelsessvikten. Denne kartlegginga er eit ledd i ei vidare undersøking. Hukommelsesteamet samarbeidar med fastlegane om undersøkinga på bakgrunn av kartlegging og samtale med brukar og pårørande.
Tidleg diagnostisering er viktig for å
- utelukka sjukdom
- gi pårørande og brukarar informasjon og kunnskap for å tilrettelegge kvardagen
- planlegge livet
- søke hjelp i tide
Teamet vil i samanheng med kartlegginga gi informasjon om aktuelle tenestetilbod i kommunen. I tillegg gir me råd og rettleiing om korleis kvardagen kan tilretteleggast i det daglege. Me bistår med søknad om hjelpemidlar.
Kven kan kontakta oss?
- Helsepersonell
- Personar ramma av demens
- Pårørande og venner
Kontaktinformasjon
Helsehuset, legekontoret
- Solfrid Kleppa, sjukepleiar
- Tlf. 404 39 085 mellom kl. 09-14
- Besøksadresse: Prestagarden 13, 4130 Hjelmeland
Hjelmeland omsorgssenter
- Solfrid Skjerahaug Natland, ergoterapeut
- Tlf. 404 39 094 mellom kl. 09-14
- Besøksadresse: Prestagarden 46, 4130 Hjelmeland
Publisert 04.05.2018 10.14
Sist endra 18.11.2024 15.13