Brukarstyrt personleg assistent (BPA)

Brukarstyrt personleg assistentordning (BPA) er ein alternativ måte å organisere praktisk og personleg bistand for personar med stort hjelpebehov i dagleglivet, både i heimen og utanfor heimen.

Mål

Målet er at det vert muleg for brukaren å ha eit aktivt og mest muleg uavhengig liv til tross for sin nedsette funksjonsevne.

BPA vurderast i forhold til kva brukaren ville ha blitt tildelt med ordinære tenester, slik som heimehjelp, støttekontakt, miljøteneste, eller anna.

Kven kan søke?

BPA passar til yngre menneske med nedsett funksjonsevne, som ønskjer å leve eit sjølvstendig liv. Ved å tilsette og leie sine assistentar sjølv kan dei organisere hjelpa. Brukaren, eller annan frivillig person som brukar utpeiker må vere arbeidsleiar for assistentane.

Du kan ha krav på tenester organisert som BPA når du

  • er under 67 år
  • har eit langvarig og stort behov for personleg assistanse

Les meir om rett til BPA i Pasient- og brukerrettighetsloven § 2-1, d

Prestagarden 15
4130 Hjelmeland


Postadresse:

Vågavegen 116
4130 Hjelmeland