Parkeringsløyve

For å få parkeringsløyve må du både ha vesentleg nedsett forflyttingsevne og eit særleg behov for parkeringslette, på ein eller fleire konkrete stader i samband med bustad, arbeid og/eller anna aktivitet. 

Parkeringskortet gjeld i heile Noreg. Det gjeld og i heile Europa, men då etter reglane i dei einskilde land. 

Løyvet blir vanlegvis gitt for to til fem år. 

Kva må du ha med i søknaden din?

  • Du må visa at du har eit særskild behov for parkeringslette. Du må svara på kvifor du ikkje kan bruka dei ordinære p-plassane. 
  • Fyll nøye ut kva stader du opplev som vanskeleg å bruka ordinære p-plassar og kor ofte du bruker dei. Ta med adressene. 
  • Uttale frå annan kommune, om adressa du oppgjer er utanfor Hjelmeland kommune. 
  • Legeerklæring - spesielt utforma som vedlegg til søknaden. Kommunen kan hente inn supplerande medisinsk vurdering. 
  • Kopi av begge sider av førarkort, om du søkar som førar av bil. 
  • Kopi av gyldig legitimasjon om du søker som passasjer. 

Søker du som passasjer?

Me kan gi parkeringsløyve når passasjeren ikkje kan vera åleine, medan bilføraren flyttar bilen. 

Forflyttingshemma som ikkje køyrer sjølv, skal som hovudregel køyrast til framkomststaden og følgast inn. Det er ikkje nødvendig med parkeringsløyve for å gjera dette. Jamfør Skiltforskriften §18.

Søk om parkeringsløyve

Søk om parkeringsløyve via elektronisk skjema

Legeerklæring

Fyll ut vedlegg til parkeringsløyve - legeerklæring

Kva kan eg gjera viss eg får avslag? 

Er du misnøgd med den avgjersla me har teke, har du høve til å klaga. Fristen er tre veker frå du fekk svaret vårt. 

I klagen skriv du kva du ønsker å endra, og grunngje dette. Me kan gi rettleiing ved behov.

Send klagen til kundesenteret. Dei vil senda klagen vidare til rette instans som vil avgjera om det er grunn til å gjera endringar. Dersom avgjersla ikkje blir endra, sender me klagen din vidare til klageorganet i kommunen.

Du vil få svar på klagen når saka er ferdig behandla.

Parkeringsløyve er ikkje

  • ei økonomisk støtteordning
  • eit hjelpemiddel for deg som har problem med å bera

Ofte stilte spørsmål

Kan eg søka som førar og passasjer? Eg har fått kort som førar. Kan eg vera passasjer og bruka kortet?

Nei, du må enten søka som førar eller passasjer. Passasjer har sjåfør med seg, og må i tillegg til dårleg gangevne og behov for parkeringslette, ha behov for hjelp utanfor motorvogna. Kortet er personleg.

Eg kan ikkje køyra sjølv lengre. Kan eg bruka kortet som passasjer?

Nei, kortet må leverast inn. Ønsker du å søka om kort som passasjer, må du søka på nytt.

Er det nok at legen tilrår at du får parkeringskort?

Nei, legeerklæringa dannar berre det medisinske grunnlaget for vurderinga. Du må også kunna dokumentera at du har særskild behov for  parkeringslette utanfor bustad, arbeid og/eller annan aktivitet.

Kvifor må eg i søknaden skriva opp adressa på stader eg skal parkera, kva eg skal og kor ofte?

Me skal vurdera behovet ditt for parkeringslette. Normalt vil det derfor vera behov for at du som søker gir informasjon om kor du har særskild behov for parkeringslette. Me treng adressa til parkeringsområdet, i tillegg til å vita kor ofte du besøker dei aktuelle stadene. Dette gir oss viktig  informasjon for å treffa rett avgjerd, samtidig som det gjer sakshandsaminga vår enklare. Du må og innhenta uttale frå kommunen det gjeld, om adressa ikkje er i Hjelmeland. Denne må leggast ved søknaden.

Eg skal parkera på privat parkeringsplass. Kan eg bruka kortet mitt her?

På private parkeringsplassar er det grunneigar som bestemmer om, og eventuelt kva for nokre fordeler personar med parkeringskort for forflyttingshemma skal ha. Det er altså ikkje automatisk fritak frå betaling og maks parkeringstid på desse plassane. Sjå etter skilt på parkeringsplassen du besøker.

Kan eg parkera på HC-plass og følga passasjeren inn?

Av- og påstigning på HC-plass er tillate. Du kan parkera på HC-plass og følga passasjeren inn til der han/ho skal, for så å flytta bilen til ordinær parkeringsplass. Har passasjeren HC-kort treng ikkje førar å flytta bilen frå HC-plassen.

Eg har mista HC-kortet - kva gjer eg?

Du må melda kortet tapt/stole til politiet. Hjå politiet får du ei tapsmelding. Ta med denne og nytt bilde av deg til kundesenteret, så lagar me nytt kort til deg.

Korleis kan eg bruka parkeringskortet?

Når kortet er plassert med framsida godt synleg bak frontruta, kan du:

  • Parkera på plassar reservert for forflyttingshemma. Dette gjeld alle offentlege parkeringsplassar som er merka med handicap- symbol eller skilt.
  • Parkera utan å betala avgift, og utover maksimal parkeringstid. Dette gjeld ikkje når det for forflyttingshemma er fastsett avgrensa parkeringstid.
  • Parkera på handikap-plassar på parkeringsplassar drifta av private parkeringsselskap. På desse plassane må du som regel betala avgift.
  • Parkera på stader med bustadsoneparkering.
  • Passera bomring utan å betala avgift. (Dette må søkast om til Nord-Jæren bompengeselskap, eller det selskapet du har autopass-avtale med). I frittståande bomstasjonar må du derimot betala avgift (som f. eks. Ryfast).