Dagaktivitetstilbod er fortrinnsvis for heimebuande personar med demens, som ønsker å delta i aktiviteter og sosiale treff.
Dersom det er ledig kapasitet, kan heimebuande eldre personar utan demens tildelast tidsbegrensa plass. Vilkår vil då vurderast ut i frå einsomheit, lite sosialt nettverk og vanskar med å nytte seg av andre sosiale tilbod av psykiske eller fysiske årsakar.
Vilkår for tildeling av dagaktivitetstilbod. (PDF, 97 kB)
Eksempel på aktivitetsinnhald:
- Høgslesing
- Bowling
- Hjernetrim
- Trim
- Bakeaktivitetar
- Tur ute i frisk luft
- Hagearbeid
- Handarbeid
Lista er ikkje uttømmande.
Kor er tilbodet?
Tilbodet om dagsaktivitet er på Hjelmeland omsorgssenter.
- Tysdag klokka 09.00-14.00.
- Onsdag (turgruppe) klokka 10.00-140.00.
- Torsdag klokka 09.00-14.00.
Brukarar som ønsker å bruka tilbodet, blir henta heime og kjøres heim igjen. Tenesta blir gitt med vêrførehald og det er ein eigenbetalingsandel.
Kva kostar tilbodet?
Klage på vedtak
Du kan klage på vedtak om dagsaktivitetstilbod ved å ta kontakt med einingsleiar ved Hjelmeland omsorgssenter.
Publisert 04.05.2018 09.25
Sist endra 20.09.2024 13.04