Me i meistringseininga gjer hjelp og støtte til deg som har ei psykisk liding eller opplev kriser i livet. Du får eit skreddarsydd tilbod som passar deg.
Me kan hjelpa med:
- Hjelp til å meistre psykiske lidingar og kriser i livet
- Ulike gruppetilbod
- Samarbeid med andre tenester, deltaking i ansvarsgruppe og liknande
- Ved behov kan me hjelpe med administrasjon av medisiner i samarbeid med fastlege
- Hjelp til å bu
- KiB - kurs i mestring av belastning
- KiD - kurs i mestring av depresjon
Tilbodet gjeld for alle aldersgrupper.
Brukar, pårørande eller støtteapparat kan ta direkte kontakt med oss.
Tenesta er gratis.
Meir informasjon om pakkeforløp og organisasjonar som kan hjelpe
Forventingar me har til deg som brukar
- Gje beskjed dersom du ikkje kan møte til avtalt tid
- Du viser forståing for personalet sine prioriteringar i forhold til tidspunkt for hjelp
- Du tek aktiv del i arbeidet me gjer saman
- Sørg for framkomelegheit til bustaden, dersom hjelpa gis i heimen din
- Hald husdyr i anna rom eller i band ute
- Ikkje røyke når personalet er til stades
- Gi beskjed om endring i helsetilstand og eventuelt hjelpebehov
- Legge til rette for gode arbeidsforhold og installering av tekniske hjelpemiddel
- Nødvendige hushaldingsartiklar og utstyr må være tilgjengeleg
- Flytande handsåpe og tørkerull må være tilgjengeleg for personalet
- Oppgåver du sjølv kan utføre inngår ikkje i tenesta
- Du gir tilbakemelding til einingsleiar dersom du ikkje er nøgd med tenesta
Ønsker du hjelp?
Ta direkte kontakt med avdelinga, du blir invitert til ein samtale. Basert på kva som kjem fram i den første og seinare samtalar vil du saman med den tilsette, i fellesskap, koma fram til kva som vil vera den mest nyttige hjelpa for deg.
Kontaktinformasjon
- Marta Ommundsen - tlf. 404 39 076
- Ingvild F. Egeland - tlf. 404 39 075
- Ann Mari Velde - tlf. 404 39 087
- Yvonne Olsen Fosse - tlf. 404 39 074
Besøksadresse
Prestagarden 13
4130 Hjelmeland
Publisert 08.05.2018 09.35
Sist endra 20.09.2024 12.36