Ønskjer du å bu heime lengst mogleg?

Har du tenkt på kvar og korleis du ønskjer å bu når du blir pensjonist? Det kjennest kanskje lenge til no. Men for å sleppe å ta fatt på store oppgåver når du er eldre og orkar mindre, er det lurt å leggje ein plan.

Eldre ektepar på picknicktur i skogen - Klikk for stort bilete planleggelitt.no

Det er ulikt frå person til person kva som får oss til å kjenne oss heime ein stad. For nokon er det sjølve bustaden, og minna og vanane som er knytte til han, medan for andre kan det vere omgjevnadene, det sosiale nettverket, eller om vi har familie i nærleiken.

Når du nærmar deg 60, kan det vere lurt å tenkje på kvar og korleis du vil bu. Skal du bli buande der du bur, og kanskje tilpasse bustaden, eller skal du flytte til noko meir praktisk? Skal du bu på same stad, eller har du sett for deg å bli gamal i ein annan by eller bygd?

Kva har du behov for?

Her er nokre spørsmål det kan vere lurt å reflektere over, gjerne saman med partnar, familie eller vener:

  • Har du familie og nære vener i nærleiken der du bur no, eller ønskjer du å flytte nærmare dei?
  • Korleis vil det vere å bli buande der du er om du blir sjuk og dårleg til beins? Har du tilgang til alt du treng på eitt plan, eller må du til dømes gå i trapper?
  • Kor gamal og slite er bustaden? Må du rekne med store vedlikehaldsprosjekt dei neste åra?
  • Er det gangavstand til butikk, friluftsområde og sosiale arenaar? Vil det bli vanskeleg om du på eit tidspunkt ikkje lenger kan køyre bil?
  • Kjenner du deg trygg der du bur, med gode naboskap og omgjevnader du trivst i?
Bestefar og barn kutter frukt saman - Klikk for stort bilete planleggelitt.no

Godt naboskap

At du bur ein stad der du har høve til å vere ein del av eit sosialt fellesskap, har mykje å seie for både helsa og livskvaliteten, og er viktig for å få ein meiningsfull kvardag. Svært mange eldre trekkjer spesielt fram godt naboskap som noko som skapar både tryggleik og glede i kvardagen. 

Kanskje du kjenner på at du gjerne skulle hatt eit nærare forhold til naboane? Eller ser du kanskje for deg at du vil flytte til ein litt lettare bustad etter kvart, og vil etablere nye kontaktar i det nye nabolaget?

Det krev noko av oss å bli kjent med nye menneske, og mange synest det er vanskeleg å ta initiativ til kontakt. Her er nokre tips til korleis du kan prøve å bli betre kjent med naboane, og bidra til eit nabolag som stiller opp for kvarandre.

  • Det enkle er ofte det beste: Gå ein tur i nabolaget kvar dag, og hels på naboane. Det vil neppe ta lang tid før samtalane naturleg kjem i gang, og du blir kjent med nye.
  • Hugs at dei aller fleste av oss er glade for å kunne hjelpe andre. Om du allereie kjenner naboane, men gjerne skulle alliert deg meir med dei – ikkje ver redd for å vere open og ærleg!
  • Kanskje du ser at det er noko du kan hjelpe andre med i nabolaget? Barne- eller hundpass, eller kanskje du er ein kløppar med hammar og sag? Snakk med naboane og sei ifrå at du gjerne bidreg om dei treng hjelp – eller heng opp ein lapp i nabolaget som alle kan sjå.