Viss du har varig nedset funksjonsevne (det vil seia meir enn 2 år), kan du få låna hjelpemiddel frå Nav hjelpemiddelsentral. Hjelpemiddela du får låna frå Nav er spesialutvikla for personar med ulike funksjonsnedsettingar. Du får ikkje lånt hjelpemiddel som er vanleg for befolkninga elles å ha, eller som er å få i vanleg handel (t.d enkle støttehandtak).
Det finns ei rekke ulike hjelpemiddel, til dømes:
- hjelpemiddel for tilrettelegging av bustad (t.d toalettforhøyer og heis)
- hjelpemiddel for rørsle og flytting (t.d rullator og rullestol)
- synshjelpemiddel (lupe, lese-tv)
- høyrselshjelpemiddel (røykvarslar, dørklokke)
- hjelpemiddel for kognitive vanskar (t.d klokke og kalender)
- hjelpemiddel for tale og språk (t.d stemmeforsterkar og talemaskin)
Les meir om Nav hjelpemiddelsentral.
Me tilrår hjelp frå ergoterapeut eller fysioterapeut
Når du skal søka om hjelpemiddel, tilrår me at du får hjelp frå ein ergoterapeut eller ein fysioterapeut. Dei vil hjelpa deg med å kartleggja behovet ditt og finna ut kva du treng.
- Ergoterapeut Solfrid Skjerahaug Natland, tlf. 40439094
- Fysioterapiavdelinga tlf. 404 39 080
Tilskot frå NAV
Du kan også søka NAV om tilskot til rimelege hjelpemiddel. Tilskotet er per 1. januar 2024 på 2210 kr og gjeld for 4 år.
Tilskotet er for personar med varig nedset funksjonsevne som treng spesialutvikla hjelpemiddel som ikkje er ein del av hjelpemiddelsentralen sitt sortiment. Når du skal søka om tilskot, tilrår me at du får hjelp frå ein ergoterapeut eller ein fysioterapeut. '
Ergoterapeut Solfrid Skjerahaug Natland, tlf. 40439094. Fysioterapiavdelinga tlf. 404 39 080.
Les meir om tilskotet frå NAV.