Noko av det fine med å bli pensjonist, er at du får moglegheit til å halde på med andre aktiviteter enn tidlegare. Utforsk gjerne kva som gir deg meining og glede. Her gir me deg ei oversikt over kjekke aktiviteter i Hjelmeland som retter seg mot seniorar.
Oversikt over foreningar du kan vera med i, i Hjelmeland.
Den kulturelle spaserstokken
Den kulturelle spaserstokken er eit kulturtilbod for eldre i Hjelmeland. Alle arrangementa er opne for alle.
Les meir om den kulturelle spaserstokken
Vil du gjera ein frivillig innsats?
Det å engasjera seg i frivillig arbeid gir meining for alle partar. Som frivillig kan du bidra til at andre får det betre samstundes som du kan gjera ein aktivitet som du likar sjølv.
Her ligg informasjon om korleis du kan bli frivillig i Hjelmeland:
Du kan også kontakte ulike organisasjonar direkte.
Onsdagskafé Årdal omsorgssenter
På Årdal omsorgssenter er det kafé onsdagar klokka 11.30. Her kan du treffe andre for ein drøs og få kjøpe deg eit middagsmåltid. Hvis du vil ha middag, hugs å bestille middag seinast ei veke før. Ope for alle og fri entré.
Kaféen skjer i perioden september - desember og januar- april.
Les meir om onsdagskafé på Hjelmeland Frivilligsentral si heimeside
Publisert 23.08.2024 13.53
Sist endra 23.08.2024 13.53