Mat og drikke

Sjølv om det ikkje er ei garanti for god helse, veit me at maten me et påverkar korleis kroppen og hovudet spiler på lag. Både dagsform og humør kan påverke matlyst. Dersom du har etablert gode matvanar aukar sjansane for at du får i deg næringsrik mat og held deg frisk lenger.

Omsorgssenter med sal av mat

Kjøkkenet på Hjelmeland omsorgssenter lagar mat til dei som bur ved omsorgssentra og dei kan i tillegg levere middag til deg som bur heime. 

Les meir og søk om å få middagslevering heim.

Du som er på besøk på Hjelmeland omsorgssenter kan kjøpa enkle rettar i kaféen. 

Dersom du ønsker å eta middag kan du det, men du må bestilla på førehand.

Daglegvarebutikkar med heimkøyring av varer

Me veit at desse tilbyr heimkøyring av varer:

Tilbodet kan endra seg, så ta kontakt direkte med din nærbutikk. 

Aldring og bruk av rusmiddel

For mange eldre er alkohol viktig, særs i sosiale samanhengar.  Les meir om aldring og rus på aldringoghelse.no.

Me har også ei kommunal side om psykisk helse og rus.