Data og mobilhjelp
Seniornett
Me i Hjelmeland har ikkje ei eiga lokalforening under Seniornett, men du kan bli medlem ved å velje Seniornett Direkte i lista over lokalforeningar. Sjekk ut heimesida til Seniornett for meir informasjon.
Seniornett arrangerer kurs i Hjelmeland med jamne mellomrom.
Sikkerheitskurs for seniorar
Nettvett.no har ulike kurs innanfor temaet internett. Dette kurset består av seks leksjonar som kvar tek 5–10 minutt å gjennomføra. Dei tek for seg tema som sikker bruk av e-post, sosiale medier, banktenester på nett og brukarkontoar.
Les meir om sikkerheitskurs for seniorar
Kakadu
På nettsida til Kakadu finn du lette oppskrifter for å læra om bruk av
I tillegg finn du oppskrifter på korleis du kan lasta ned appar og bruke digitale tenester som bankID, aviser og liknande.
Oppskrifter for å meistre det digitale - kakadu.no
Nettvett
Lær deg å bruka nettet på ein sikkert måte. Nettvett.no har ulike kurs innanfor temaet og kurset “Sikkerhetskurs for seniorar” tek for seg teamer som sikker bruk av
- e-post
- sosiale medier
- banktenester på nett
- brukarkontoar
Kurset kan du ta på nett på digidel.no
Helsenorge.no
Helsenorge tilbyr mange tenester for å hjelpa deg og dine pårørande med å halde oversikta over din helsesituasjon, rettigheter og behandling.
Det er berre du som har tilgang til helseopplysningane dine, med mindre du veljer å gje andre fullmakt til å bruke tenestene på dine vegne.
Slik brukar du tenestene på helsenorge.no