Treng du skyss?

Å bevege seg fritt er knytt til betre helse og god livskvalitet. For dei som ikkje har store helseutfordringar kan kollektivtilbodet vera eit godt alternativ til bilen, når du ikkje kan eller ønsker å køyra sjølv.

Ta buss, tog og båt

Visste du at Kolumbus tilbyr billettar som kan brukast både på buss, tog og båt? Har du honnørkort får du billettar til halv pris. Les meir på kolumbus.no.

TT-kort

TT-kort er for deg som er ute av stand til å reisa med kollektivtransport på grunn av ei varig funksjonsnedsetting.
Les meir om TT-kort på Rogaland fylkeskommune sine nettsider. 

Seniortaxi

Denne ordninga er for deg over 65 år som skal ut på tur, men ikkje har høve til å køyra sjølv. Ordninga gjeld innanfor Hjelmeland kommune. Les meir om seniortaxi.