Trening og rørsle

Trening eller rørsle som gjer deg litt svett førebygger plagar og er ei viktig kjelde for betre helse, livskvalitet og overskot. Når du får opp pulsen investerer du i framtida, og det er aldri for seint å begynna. Det skal ikkje så mykje til, og litt er alltid mykje betre enn ingenting. Velg aktivitetar du trivs med og gjer det til ein vane. 

Korleis trimme heime?

På nettsida til Aldring og helse har dei laga ein moderne variant av “trim for eldre”, som du kan utføra heime, på dagsenter eller på sjukeheim. 

Sjekk ut desse enkle øvingane som aldringoghelse.no har samla - dei kan du gjere heime hos deg sjølv!

Turmoglegheiter

I Hjelmeland florerer det av flotte turmoglegheiter, både for deg som treng lett mosjon og deg som vil ha tyngre turar. 

Oversikt over nokre av turane i Hjelmeland.

Treningssenter

Dersom du er glad i gruppetreningar og vektløfting kan ein tur på treningssenter vera kjekt. På Hjelmeland finn du Topp Treningssenter og i Årdal kan du besøka det sjølvbetente treningssenteret Melkesyra.

Mental trening

Besøk Helse Norge si side om "Tre råd for sterkare psykisk helse.

Hjelmeland kommune - Psykisk helse og rusomsorg

Tilbod hos frivillige / ideellee organisasjonar

Hjelmeland turlag arrangerer ofte fellesturar med lokale guidar, her finn du kanskje di neste oppleving? Sjekk ut heimesida deira for meir informasjon.

Har du høyrt om Stavnager turistforening si 60+ gruppe? Dei jobbar aktivt for å vedlikehalde og auka tilboda innanfor friluftsliv og folkehelse for aldersgruppa 60+. Sjekk ut heimesida til Stavanger Turistforening for meir informasjon.

Har du større behov? 

Nokon har større behov og vil trenge tenester som er mer skraddersydd. Då kan du ta kontakt med kommunen si fysioterapiavdeling eller rehabiliteringa.