Bestill situasjonskartpakke
Me tilbyr løysing for sjølvbetening for bestilling av situasjonskartpakke i pdf- format til bruk i bygge- og delesaker. Dette er ei betalingstjeneste, situasjonskartpakka koster 599 kroner.
Bestill situasjonskartpakke
Situasjonskartpakka inneheld fleire dokument:
- Planrapport – oversikt over kva planar som gjeld for eigedomen
- Områdeanalyse – viser ulike temadata for valt område – eks rasfare, flaumfare, kulturminne.
- Kommuneplankart for valt område
- Tekstdel til kommuneplan
- Reguleringsplankart for valt område
- Føresegn til aktuell reguleringsplan (viss det er reguleringsplan for området)
- Situasjonskart – grunnkart med ev ledningar for vatn og avlaup.
Korleis går eg fram?
- Søk på eigedomen – da vil du få oversikt ulike produkt.
- Vel «Situasjonskartpakke Hjelmeland kommune».
- Vel arkstorleik – A3 eller A4. og Målestokk – mellom 1:500 og 1:2000
- Plasser ramma der du ønsker utsnittet og trykk «bestilling»
- Systemet veiledar vidare
Du mottar ein e-post når situasjonskartpakka er produsert, dette skjer vanligvis i løpet av nokre minutt.
Det er og mogleg å bestille nabovarsel via denne løysinga.
Alternativ:
Det er og mogleg å ta ut situasjonskart og temadata via kommunekart. Då må du søke deg fram til aktuelt område, sette på ønska kartlag, vel «skriv ut» under «Meny»- boksen oppe til venstre i kartvindauget og følg vidare veiledning i portalen. Dette er ikkje ei betalingsteneste.
Publisert 19.02.2021 09.13
Sist endra 18.11.2024 14.47