Forsøpling og forureining

Forsøpling, eller avfall på avvege, er ulovleg og kan både vere svært skjemmande for miljøet og ei kjelde til forureining.

Kva er forsøpling?

I forureiningslova blir avfall på avvege definert som forsøpling. Forsøpling er forboden. Det betyr at ingen må tømme, etterlate, oppbevare eller transportere avfall slik at det kan virke skjemmande eller være til skade eller ulempe for miljøet. Den som har forsøpla skal sørge for naudsynt opprydding. Dette følgjer av forureiningslova § 28.

Korleis avgjere om noko er forsøpling?

Forsøpling er avfall på avvege. Avfall er definert i forureiningslova § 27, og du kan lesa meir på Miljødirektoratet sine nettsider.

Kven er ansvarleg for forsøpling? 

Dei som har forsøpla har ansvar for å rydde opp. Etter forureiningslova kan også andre enn den som har forårsaka forsøplinga bli heldt ansvarleg og bli pålagt å rydde opp. 

Kommunen er styresmakt

Kommunen er forureiningsstyresmakt for forsøpling etter forureiningslova, og har ansvar for å følgje opp forsøplingssaker i kommunen. Dette følgjer av forureiningslova § 37 og av rundskriv T-5/98 om kommunens myndigheit og pliktar etter forureiningslova.

Kommunen kan gi pålegg til den ansvarlege om opprydding eller om å dekkje kostnader som nokon har hatt til opprydding. Privatpersonar, organisasjonar og andre føretak kan be kommunen om å gje den ansvarlege slikt pålegg. 

Kommunen har plikt til å vurdere og behandle førespurnaden din.

Kommunen sin avgjere i saka er eit enkeltvedtak sjølv om det ikkje er gitt pålegg. Det kan dermed også klagast på avgjerda om å ikkje gje pålegg. Det vil seie at du kan sende ei klage til kommunen din på at du er ueinig i deira avgjerd om å ikkje gjere noko i saka.

Du kan melda frå til kommunen om forsøpling eller forureining ved å fylla ut dette skjemaet: