Hydrogenferja

Det fyrste rutegåande fartøyet i verda som har hydrogen som drivstoff, finn du i Jøsenfjordsambandet. Det er ferja "Hydra" som saman med "Nesvik" syter for utsleppsfri transport over Jøsenfjorden. Begge skipa kan gå på straum og biodiesel, og Hydra i tillegg på hydrogen.

Foto av ferga Hydra i Hjelmeland-Nesvik-Skipavik sambandet - Klikk for stort bilete Norled, Rune Langeland

Norled

Det er reiarlaget «Norled» som driv «Hydra». Hydra vart kåra til «Ship of the year» i 2022, les meir på nettsida til Sjøfartsdirektoratet.

Les meir om Hydra på heimesida til Norled.