Miljøfyrtårn

Kommunestyret vedtok i 2020 å arbeida for miljøfyrtårnsertifisering av kommunen. Miljøfyrtårnsertifisering betyr at kommunen som bedrift må oppfylle visse kvalitetskriterie med omsyn til klima og miljø (inkludert arbeidsmiljø) utarbeidd av Stiftelsen Miljøfyrtårn, les meir på nettsida deira.

Når desse kvalitetskriteria er på plass, skal ein årleg utarbeida og levera ein klima og miljørapport som handlar om kva ein har fått til siste året.  Hjelmeland kommune vert sertifisert etter hovudkontormodellen, det vil seia at det fyrst var administrasjonsbygga i Hjelmelandsvågen som vart sertifiserte.

Etter det har andre einingar etter tur blitt sertifiserte. Så langt gjeld det barnehagane og omsorgssentra og helsehuset. Sommaren 2024 vert også hovudkontoret resertifisert. Sertifiseringa gjeld for tre år om gongen. Hausten 2024 står skulane for tur.  

Utdeling av miljøfyrtårndiplom i Hjelmeland barnehage - Klikk for stort bilete

Første bedrift som vart miljøfyrtårnsertifisert

Kommunen var faktisk den fyrste bedriften i Hjelmeland som vart miljøfyrtårnsertifisert. Sidan har det kome til mange bedrifter. Kommunen har som partnarskapskommune også æra av å dela ut miljøfyrtårndiplom og plakett til dei bedriftene som blir godkjente. Det skjer som regel ved ei markering på arbeidsplassen der ordførar er til stades.