Godkjenning og endring av jaktvald
Retten til å jakte tilhøyrer i utgangspunktet grunneigar. For å få tillatelse til å felle elg, hjort eller rådyr må jaktområdet godkjennas av kommunen.
1. april
- Frist for å trekke eigedommen sin ut av eit jaktvald.
- Ein må gje skrifteleg melding til valdansvarleg, kopi til kommunen.
- Frist for å trekke valdet sitt ut av eit bestandplanområde.
- Ein må sende skrifteleg melding til leiar av bestandsplanområde, kopi til kommunen.
1. mai
- Frist for å søka om godkjenning av nytt vald eller endring av eksisterande.
- Frist for bestandplanområde for å melda inn endringar.
- Representant for bestandplanområde må melde til kommunen om eventuelle endringar.
- Vald som ønsker å melde seg inn i eit bestandsplanområde må kontakta representant for området i god tid før 1. mai, slik at bestandplanområdet kan gjera endringar i bestandplan og melda endringa til kommunen innan fristen.
Forskrift om minsteareal
Krav til minsteareal for elg, hjort og rådyr går fram av “Forskrift om minsteareal for jakt etter elg, hjort og rådyr, Hjelmeland”.
Publisert 20.03.2019 12.10
Sist endra 18.11.2024 15.05