Me arrangerer årleg konkurransen: Kodejakta. Konkurransen går ut på at du samlar kodar frå opptil 11 turar i Hjelmeland som du sender inn til oss. Du kan altså delta med 11 "lodd" og er då med i trekninga av flotte gåver.
Under finn du digitale kart til turane. Ved å zoome ut og inn i kartet kan du lettare sjå kor dei forskjellige turane ligg.
Sjå heftet for Kodejakta 2021
Frist for innsending av kodar
Hugs at kodane må vera hos oss innan 16. oktober 2021.
Du kan sende kodane med namnet på staden du fann dei til postmottak@hjelmeland.kommune.no