Bli med på vår heilt ferske konkurranse for 2020: Vinterturen!
Me har samla 10 forskjellige turar i nærmiljøet til deg. Dei fleste turane går langs opparbeidde skogsvegar og bør derfor vera rimeleg greie å ferdast på, sjølv om det skulle komma litt snø. Fleire av turane er ikkje merka. Likevel trur me at ved hjelp av karta du finn i heftet, vil du finna fram nokså lett. Men, du bør ha med kartet når du går.
Konkurransereglar
Ved turmåla finn du eit skilt, eller plakar med eitt eller to spørsmål som ikkje er så veldig utspekulerte. Skriv ned svar på spørsmåla og knyt dei til plassen du fann dei. Sjå elles konkurransereglane i heftet.
På veg mot turmålet vil du også kunne finna små skilt med ordtak, eller visdomsord som kan vera heilt på grensa til det morosame, håpar me.
Digitalt turhefte
Vinterturen 2020/2021 - digitalt turhefte.
Kartlenker til kvar tur
God tur! Og du, hugs å vera forsiktig, det kan vera glatte parti.
Publisert 05.01.2021 12.09
Sist endra 18.11.2024 14.50