Fritidskasse

Me har oppretta Fritidskasse for å hjelpa barn og unge i familiar med periodevis eller langvarig stram økonomi til å kunne delta i fritidsaktivitetar. Målet er at barn skal delta i faste fritidsaktivitetar og sosialt fellesskap sjølv om familien har ein økonomi som gjer at slike aktivitetar kan bli nedprioritert. 

Kven gjeld Fritidskassen for?

Fritidskassen gjeld for barn og unge opp til fylte 19 år. Kvart barn kan få støtte på inntil 6000 kroner i året.

Kva kan bli dekka av Fritidskassen?

Fritidskassen kan dekka medlemskontingent, deltakaravgifter, nødvendig utstyr og turneringar. Dette gjeld både for aktivitetar i regi av lag og organisasjonar, og i kulturskulen.

Kva gjer du om du treng støtte frå Fritidskassen?

Barn og unge eller føresette tek kontakt med ein tillitsperson. Dette kan vera trenarar og leiarar i det aktuelle laget eller lærarar i kulturskulen, men tillitspersonar som tilsette ved helsestasjon, tilsette i skulane eller saksbehandlarar i Nav, barnevern eller flyktningteneste kan også rettleia når behovet oppstår.

Kva gjer tillitspersonen når førespurnaden kjem?

Tillitspersonen registrerer namn, fødselsdato og adresse på barnet. Dette blir sendt til kommunen si kulturavdeling saman med kopi av faktura eller eit oversyn over utgiftene barnet treng støtte for å dekka. Innkjøp av utstyr må avtalast med trenar/leiar/tillitsperson før det blir kjøpt inn.

Kva gjer kommunen når førespurnaden kjem?

Kommunen si kulturavdeling behandlar førespurnaden og har kontakt med det aktuelle laget. Om førespurnaden blir godkjent, betaler kommunen ut summen til det aktuelle laget. Kommunen betaler ikkje direkte til føresette.

Generelle reglar for Fritidskassen

  • Kommunen si kulturavdeling og Frivilligsentralen er ikkje brukarane sitt kontaktpunkt for ordninga. Brukarane må ta dette opp via laget dei er medlemar i, eller gjennom tillitspersonar på andre kommunale tenesteområde.
  • Det er det aktuelle laget som vender seg til kommunen ved behov for støtte. Brukarane kan ikkje søka direkte til kommunen si kulturavdeling.
  • Fritidskassen skal ikkje erstatta ordninga med Fritidskort. Brukarar som har fått Fritidskort skal framleis bruka dette der det gjeld.
  • Lag og organisasjonar blir framleis oppmoda om å søka støtte til inkludering frå andre kjelder, og Fritidskassen skal ikkje erstatta eksisterande ordningar med til dømes gjenbruk og innkjøp av utstyr i laget sin eigen regi.
  • Før lag og organisasjonar sender ein førespurnad til kommunen, sjekkar dei først om dei kan løysa behova gjennom eigne ordningar med gjenbruk og byte av utstyr, utlån av utstyr eller liknande.
  • Kommunen sjekkar om behova kan løysast gjennom utstyrsbank, Frilager eller andre ordningar før eventuell støtte blir innvilga.
  • Det er ikkje nokon søknadsfrist for Fritidskassen. Søknadar blir behandla gjennom heile året

Kontaktinformasjon

Magnar Riveland, kulturleiar - telefon 404 39 153.

Åsmund Sigmundstad, dagleg leiar Frivilligsentralen - telefon 404 39 155.