Fritidskort

Fritidskortet er for dei som av ulike grunnar ikkje har moglegheit til å nytte seg av fritidsaktivitetar. Gjennom denne ordninga håpar ein på auka deltaking i aktivitetar på fritida. Fritidskortet gir gratis inngang på ei rekke arrangement og aktivitetar. Det gjer også gratis medlemsskap hos eit par aktørar og fri tilgang til å låne utstyr gjennom Frilager.no

Kortet gjer gratis inngang på

  • Kommunen sine arrangement
  • Ryfest (på dagtid)
  • Hjelmeland bygdekino
  • "Full Fart" aktivitetsveke og fotballskule v/Hjelmeland Idrettslag
  • Framsyningar med Hjelmeland teater
  • Ferieaktivitetar blant anna familietur til Kongeparken
  • Gratis medlemskap i Hjelmeland E-sportklubb
  • Fri eigenandel ved bruk av ungdomstaxi
  • Gratis lån av utstyr gjennom frilager.no
  • Rabatt på medlemskontingent i Hjelmeland teater
  • Rabatt på medlemsskap i Hjelmeland Idrettslag

Kven kan få fritidskortet?

  • barn og unge mellom 0-18 år

Kor lenge varer fritidskortet? 

  • gyldig i 1 år om gongen
  • kortet er personleg
  • kan ikkje nyttast av andre enn den registrerte eigaren

Korleis søke?

Søk om Fritidskort ved å fylle ut elektronisk søknadsskjema.

Kortet er eit samarbeid mellom Hjelmeland kommune, NAV Hjelmeland, Hjelmeland kunstlag, Hjelmeland Teater, Hjelmeland samfunnshus, Hjelmeland Idrettslag.