Seniortaxi

Er du over 65 år? Skal du ut på tur, men har ikkje høve til å køyra sjølv?

Om turen går til venebesøk, arrangement, butikkar eller andre formål innanfor Hjelmeland kommune, kan du nå bestilla Seniortaxi på tlf: 915 39 703 og betala maks 50 kroner for ein tur.

Reglane ser slik ut: 

  • Seniortaxi kan nyttast av eldre over 65 år. Vilkåret er at dei ikkje har høve til å køyre sjølv, og at ingen andre i husstanden kan. Ordninga gjeld ikkje for eldre som har TT-kort.
  • Ordninga gjeld berre innanfor Hjelmeland kommune.
  • Seniortaxi kan ikkje nyttast til reiser der det offentlege dekker transport gjennom andre ordningar.
  • Taxisjåførane skal, så langt det let seg gjera, samordna transporten.
  • Taxien køyrer ikkje til nordsida av Jøsenfjorden seinare enn avgangen klokka 00.40.
  • Eigenbetalinga er kr 50 pr tur/person uavhengig av distanse.
  • Ordninga blir evaluert innan 30. juni 2023.

Kommunestyret vedtok reglement for ordninga 15. desember 2022. 

Ofte stilte spørsmål og svar om seniortaxi