Ungdomstaxi

Ungdommar i alderen 13 til 18 år kan bruka taxi til reiser innan kommunen mot å betala ein eigenandel på 50 kroner. 

Reglement

  • Ungdomstaxi kan nyttast av ungdom i alderen 13 til 18 år som er busette eller går på skule i Hjelmeland kommune.
  • Ordninga gjeld berre innanfor Hjelmeland kommune.
  • Ordninga kan ikkje nyttast til/frå skulen i skuletida.
  • Taxisjåførane skal, så langt det let seg gjera, samordna transporten.
  • Taxien køyrer ikkje til nordsida av Jøsenfjorden seinare enn avgangen frå Hjelmeland kl. 00.40.
  • Eigenbetalinga er kr 50 pr. tur/person uavhengig av distanse.
  • Kommunen kan setta opp felles buss eller taxi til spesielle arrangement, eller ved spesielle anledningar. Slike turar kan også gå utanfor kommunen sine grenser.

Dei som vil bestilla Ungdomstaxi, kan kontakta Årdal Taxi på 915 39 703.

Ofte stilte spørsmål og svar vedkommande ungdomstaxi