Fordelane med å fletta fleire element saman blei synlege tidleg. Hår var ikkje det einaste som kunne flettast – dei kunne dra nytte av same prinsipp på andre område for betre å kunna handtera utfordringane dei møtte.
Her i Ryfylke er der ein lang tradisjon for fletta gjenstandar. Korger til oppbevaring, kiper til frakt og ruser til fiske – fletta av det skogen gav – kom tidleg i bruk. Korger kunne ha mange slags utformingar, skålforma, ovale eller runde med og utan lokk, rektangulære, kvadratiske eller 8-kanta. Storleiken varierte etter bruk og behov, frå store ullkorger til handle- og prydkorger. Dei fleste framstod i naturmaterialet, andre blei måla eller fekk kunstnarisk utsmykking.
Omkring 1900 skjedde det ei stor utvikling innan frukt- og bærproduksjonen i Hjelmeland. Fletta korger blei tekne i bruk som eingongsemballasje for frisk frukt og bær, både for heimemarknaden og for eksport til England som ein byrja med i 1895.
Samstundes hadde jærstolen sett dagens lys, og det blei ein gullalder for fletteteknikken. Jærstolen blei med tida eit nasjonalikon, og dei fletta seta gav mange arbeidsplassar i Hjelmeland opp gjennom heile 1900-talet. Stolen var uløyseleg knytt til hjelmelandsidentiteten. Endra materialbruk og produksjonsformer har nå gjort at kunnskap om desse teknikkane, både å fletta korger og å leggja eit sete, er på vikande front og i ferd med å gli heilt ut.
Hjelmeland Bygdemuseum har ei breitt utval av eldre fletta gjenstander som inngår i utstillinga i samspel med gjenstandar frå private heimar. Flettverket, både av eldre og nyare dato, viser breidda og mangfaldet både i form og materiale.
Utstillinga tek sikte på å vera ein port inn til denne del av vår kultur, og samstundes vera med på å revitalisera dette feltet. Hjelmeland kommune har flettverk i sitt kommunevåpen, og med sommarutstillinga Korger & Flettverk blir denne identiteten styrka.
Nils Viga Hausken, kurator
Nils Viga Hausken
Bærkorger frå 1800 talet.
I privat eige.
Jan Inge Haga
Bærkorger frå 1900 talet. Bærkorger utvikla av Johannes Hetlelid i slutten av 1890 talet i samarbeid med bærprodusentar som eingongsemballasje i samband med eksport av frisk frukt og bær til England.
Forskjellige private eigarar frå gardane Fister, Randa, Skiftun, Hagalid, Askvik, Kro, Tuntland, Laugaland, Nordbygda, Valheim og Hjelmeland Bygdemuseum.
Jan Inge HAga
Handarbeidskorger tilverka og dekorert av Mikkel Hetlelid. Den oransje vart gitt til Berta Hausken i 40 års gåve i 1941.
I privat eige.
Jan Inge Haga
Dekorerte korger. Den største er gitt til Berta Laugaland, gift Hausken, i 1916 av Johannes Hetlelid.
I privat eige.
Jan Inge Haga
Fletta tine tilverka og dekorert av Johannes Hetlelid.
I privat eige.
Jan Inge Haga
Fletta tine tilverka av Johannes Hetlelid og dekorert av sonen Johan Hetlelid.
I privat eige.
Jan Inge Haga
Fletta tine tilverka av Johannes Hetlelid.
I privat eige.
Jan Inge Haga
Fletta tine tilverka av Johannes Hetlelid.
Tilhøyrer Hjelmeland Bygdemuseum.
Jan Inge Haga
Fletta tine tilverka av Johannes Hetlelid.
I privat eige.
Jan Inge Haga
Fletta skrin tilverka av ukjent.
I privat eige.
Tilverka av ukjent. Har vore nytta til å hente pærer og epler i.
I privat eige.
Jan Inge Haga
Skrinet til høgre er tilverka av Kirsten Gundersen.
I privat eige.
Jan Inge Haga
Handarbeidskorger i pedikflett frå 1950 talet. Tilverka av ukjent.
I privat eige.
Jan Inge Haga
Fletta handarbeidskorg frå 1900. Tilverka av ukjent.
I privat eige.
Jan Inge Haga
Piknikkorg tilverka av ukjent.
I privat eige.
Jan Inge Haga
Piknikkorger tilverka av ukjent.
I privat eige.
Jan Inge Haga
Førningskorg frå 1800 talet. Tilverka av ukjent.
I privat eige.
Jan Inge Haga
Barnesenga har tilhøyrt familien Aksel L. Hansson og tilverka omkring 1950. Mikkel Hetlelid i Vormedalen har fletta korga og Aksel L. Hansson har produsert sokkelen.
Tilhøyrer Hjelmeland Bygdemuseum.
Jan Inge Haga
Barnekorger som seng til nyfødte. Tilverka av ukjent.
I privat eige.
Jan Inge Haga
Barnekorg fletta av flekkt furu laga på 1800 talet på Fjedlet. Tilverka av ukjent.
I privat eige.
Jan Inge Haga
Jan Inge Haga
Barnekorger tilverka av Mikkel Hetlelid omkring 1950.
I privat eige.
Jan Inge Haga
Barnekorg tilverka av ukjent.
I privat eige.
Jan Inge Haga
Oppbevaringskorg til ved, aviser og tidsskrifter. Tilverka av ukjent.
I privat eige.
Jan Inge Haga
Oppbevaringskorg til ved, aviser og tidsskrifter. Tilverka av ukjent.
I privat eige.
Jan Inge Haga
Oppbevaringskorg tilverka av ukjent.
I privat eige.
Jan Inge Haga
Fletta småkorger til ymse formål. Tilverka av ukjent.
I privat eige.
Jan Inge Haga
Fletta småkorger tilverka av Kåre Johannes Hetlelid om kring 2000.
I privat eige.
Jan Inge Haga
Veggkorger tilverka av Kåre Johannes Hetlelid, omkring 2000.
I privat eige.
Jan Inge Haga
Fletta småkorger tilverka av Kåre Johannes Hetlelid og ukjent.
I privat eige.
Jan Inge Haga
Korger brukt til blomster og brød. Tilberka av ukjent.
I privat eige.
Jan Inge Haga
Korger i peddik og flett laga skuleelevar slutten av 1900 talet.
I privat eige.
Jan Inge Haga
Veggkorger produsert i slutten av 1900 talet av Kåre Johannes Hetlelid.
I privat eige.
Jan Inge Haga
Vedkorg tilverka av ukjent.
I privat eige.
Jan Inge Haga
Korgene er tilverka av ukjent. Brukt til å hausta inn poteter og andre grønnsaker.
I privat eige.
Jan Inge Haga
Kipe nytta i uthus og løe til å bære høy i samband med fôring av dyr. Tilverka av ukjent.
I privat eige.
Jan Inge Haga
Kiper nytta i samband med gardsdrift til oppbevaring og frakt. Tilverka av ukjent.
I privat eige.
Jan Inge Haga
Tilverka av ukjent.
I privat eige.
Jan Inge Haga
Kipe nytta innanhus til oppbevaring av ull og anna husgeråd. Tilverka av ukjent.
Tilhøyrer Hjelmeland Bygdemuseum.
Jan Inge Haga
Kipe nytta i uthus og løe til å bære høy i samband med fôring av dyr. Tilverka av ukjent.
I privat eige.
Jan Inge Haga
Kipe nytta innanhus til oppbevaring av ull og anna husgeråd. Tilverka av ukjent.
Tilhøyrer Hjelmeland Bygdemuseum.
Jan Inge Haga
Kipe. Tilverka av ukjent.
I privat eige.
Jan Inge Haga
Kipe til oppbevaring av husgeråd. Tilverka av ukjent.
Tilhøyrer Hjelmeland Bygdemuseum.
Jan Inge Haga
Kipe av ukjent produsent.
I privat eige.
Jan Inge Haga
Kipe tilverka av ukjent.
I privat eige.
Jan Inge Haga
Kipe tilverka av ukjent.
I privat eige.
Jan Inge Haga
Kiper tilverka av ukjent.
I privat eige.
Jan Inge Haga
Kiper tilverka av ukjent.
I privat eige.
Jan Inge Haga
Kipe tilverka av ukjent.
I privat eige.
Jan Inge Haga
Kvar grend hadde ei sjukebåre som vart nytta når sjuke måtte fraktast med båt til sjukehuset i Stavanger.
Jan Inge Haga
Tilhøyrer Hjelmeland Bygdemuseum.
Jan Inge Haga
Åleruse nytta til ålefiske i ferskvatn.
Tilhøyrer Hjelmeland Bygdemuseum.
Jan Inge Haga