STOL på Hjelmeland - Jærstolutstilling

I samlinga til Hjelmeland Bygdemuseum finst der ein stol frå 1800 talet som kan sjåast som forløparen til det me no definerer som jærstol. Den er grovt tilhoggen og med sete av handfletta hamp. Historia til stolen kjenner ein ikkje lenger. Den står som eit taust vitnesbyrd om ei tid kor ein ikkje var rådlaus. Med få og enkle hjelpemiddel snikra ein seg ein primitiv, men brukbar og funksjonsdyktig stol.

I slutten av 1800 talet buldra industraliseringa fram i verda i kombinasjon med at store deler av verda var kolonisert. Det ga innrykk av nye produkt og framande varer og materialer. Eit importprodukt som korgstolar vart populært, ikkje minst blant overklassen. Dei hadde desse enkle og puritanske møblene i sommarboligane sine. 

Brødrene Ola og Johannes Hetlelid frå Årdal fanga opp tidsånda og utvikla den første jærstolen på slutten av 1890 talet. Det var ein armstol smidd i einer, med ryggspiler av furu og med handtvinna siv frå det nærliggjande Hetlelidvatnet i setet. 

Jærstolen var fødd og naturen var flytta inn i stovene.  Ein enkel og lett stol. Ein jærstol ber ikkje på løyndomar. Den er open og ærleg. Det skal berre eit hastig blikk til for å skjøne materiale og tilverkningsprosess.
 
Jærstolen finst i mange variantar, som armstol, gyngestol, krakk, bordstol, barnestol, kyrkjestol og barstol. Den er laga i einer, furu, gran, eik, bøk, svartor, ask, osp mm. Kvar tidsbolk har sin fargepalett og estetiske ideal. Stolen er blitt malt, lakka, beisa, ådra eller den står som heilt ubehandla. 

Endra produksjonsformer i kombinasjon med rasjonalisering av drifta har heile tida endra litt på jærstolen sitt uttrykk. Trekonstruksjonen spenner frå handlaga til maskinell framstilling, seter i handtvinna siv, under krigen papir, til maskinelt tvinna sjøgras eller med faste puter. 

Små produsentar i samspel med større møbelfabrikantar har evna å eksportera jærstolen til dei fleste kontinent og verdsdeler. Men det er ein estetisk robust stol som igjennom 120 år har evna å halde fast i sitt natur-utspring; tre og sjøgras.

Jærstolen er eit demokratisk produkt utan patentbeskyttelse, ein folkeleg stol formgjeve av menneske utan formell designutdanning, men med blikk for proposjonar og estetikk i kombinasjon med høg sitjekomfort. Dette er jærstolen sin styrke, og har vore med til å gje den store spennvidda i designet og mangfald i produkta. Den har bevist sin soliditet og er i folk si bevisstheit ein klassikar.

Kurator Nils Viga Hausken

Hans Widerøe