Støtteordninga gjeld til dømes
- arrangement
- kurs og opplæring
- oppstart av nye lag
- nye anlegg
- andre konkrete tiltak og prosjekt
Søk om kulturstøtte
Søknadsfrist
Søknadsfrist for hovudtildelinga er normalt 1. april kvart år.
Det blir også delt ut støtte etter enkeltsøknadar utover i året.
Søknad må innehalde
I søknadsskjemaet blir det spurd etter ei skildring av tiltaket det blir søkt om støtte til, og om ein enkel finansieringsplan for tiltaket. Det blir også spurd etter eventuelle teikningar, illustrasjonar eller andre vedlegg som er relevante for søknaden. Det er lurt å ha dette klart før skjemaet skal fyllast ut.
Du må starta på tiltaket i løpet av eit år etter tildelinga.
Les retningslinjene (PDF, 552 kB)
Rapportering
Det skal sendast rapport innan tre månadar etter at tiltaket er gjennomført. I rapporten blir det spurd etter ein enkel rekneskap for tiltaket – i tråd med finansieringsplanen som blei presentert i søknaden. Kommunen kan be om meir detaljert rekneskap om det blir vurdert som nødvendig. Kommunen kan også kreva tilbake heile eller delar av støtta om tiltaket ikkje er gjennomført eller om det blei billegare enn omsøkt.
Fyll ut rapportskjema
Det skal som hovudregel søkast om støtte til tiltak før dei blir gjennomførte. Unntaket er støtte til kurs og opplæring av medlemar. Då kan søknad sendast etter at kurset er gjennomført.
Historikk
Kommunestyret vedtok 6. april 2022 nye retningslinjer for kulturstøtte i Hjelmeland.
Andre støtteordningar
Frivillige lag og organisasjonar kan søka om både støtte til konkrete tiltak og prosjekt og generell driftsstøtte.
Les meir om driftsstøtte