Tilskot leikeplassar

Me vil bidra til at byggefelt/nabolag i kommunen skal få oppgradert leike- og ballplassane sine. I tillegg er det viktig med ei god organisering av tilsyn, kontroll og ansvar. Difor har me no oppretta ei driftsordning med ei tilskotsordning der de kan søke om midlar til oppgradering, og få hjelp til å sørge for at leikeplassen er i forsvarleg stand.

Tilskotsordning til leikeplassar/ballplassar 

Velforeiningar som har inngått ein slik driftsavtale med kommunen om ein leikeplass eller ballplass, kan søke om tilskot til fornying og/eller oppgradering av leikeplassen.

  • Fornying av nedslite utstyr
  • Nytt leikeplassutstyr som passar inn på den aktuelle leikeplass
  • Nye fotballmål eller anna ballutstyr
  • Opprusting av areal, inkl. gjerde
  • Innkjøp av varig grøntstruktur (ikkje sommarblomster og liknande)
  • Utskifting/supplering av fallunderlag og sandkassesand

Kva skal me som velforeining gjere?

  • Sørge for velforeininga er registrert i Brønnøysundregisteret
  • Føre regelmessig tilsyn med leikeplassen/ballplassen (halde arealet ryddig og stelle grøntanlegg)
  • Sørge for at leikeplassen/ballplassen er open for allmennheita
  • Sørge for å bestille årleg hovudkontroll av utstyret innan utgangen av mars kvart år (der dokumentasjon skal gå til kommune og velforeining)
  • Oppdatere kommunen ved endring av kontaktperson

Kva kan velforeininga forvente av kommunen?

  • Årleg kontroll av leikeplassen
  • Sjekke at reiler og slitedelar er i tilfredsstillande stand
  • Sjekke at der er tilstrekkelig med fallsand der dette er eit krav
  • Sjekke at der er nok sand i sandkassa
  • Sjekke at ev. fotballmål/anna ballutstyr er i tilfredsstillande stand
  • Råd og rettleiing ved behov
  • At kommunen betaler velforeininga sin kontingent i eit landsdekkande velforbund
  • At kommunen betalar ansvarsforsikring gjennom eit landsdekkande velforbund
  • Høve til å søke om tilskot til fornying av leike- og ballplassutstyr

Storleik på tilskotet 

Storleiken på tilskotet vil variere ut frå behov og kor mange søknadar me mottek.
Kravet me stiller er at de har inngått ein driftsavtale med kommunen etter føringane over.

Driftsavtale (DOCX, 49 kB)

Søknadsfrist

Søknadsfrist er 30. april.

Søk om tilskot til leikeplass

Du kan også søke via e-post til postmottak@hjelmeland.kommune.no

Merk emnefeltet med «Søknad om tilskot til leikeplass».