Bonden har eit stort ansvar kvar einaste dag og for alle bønder kan det oppstå situasjonar eller enkelthendingar som kan vere vanskelege å handtere åleine. Det er ikkje uvanleg at ein mistar evna til å tenke klårt når ein er i ein vanskeleg situasjon, anten det er ei akutt krise eller ein belastande situasjon som tærer over tid. Det er nettopp det Bondens Nettverk kan hjelpa med; få oversikt og legga ein plan for å normalisera situasjonen.
Kontakt
Ta kontakt anten du sjølv er i ein vanskelig situasjon eller du er bekymra for nokon andre:
- Anne Kari Skogerbø tlf. 404 39 126, Hjelmeland kommune, Landbruk
- Anita Jensen tlf. 416 94 657, Norsk landbruksrådgiving
- Sven Gil Westersjø tlf. 928 62 410, Hjelmeland Sau og Geit
- Marta Ommundsen til. 404 39 076, Hjelmeland kommune, Helse
- Gunnar Bø tlf. 934 01 147, Hjelmeland Bondelag
Teieplikta vil bli ivareteken. Det er heller ingen automatikk i at heile nettverket vil bli aktivert ved kontakt med ein av deltakarane.
Publisert 19.09.2023 14.49
Sist endra 18.11.2024 14.40