Driveplikt

Reglane om driveplikt gjeld alle eigarar av jordbruksareal. Etter jordlova § 8 har eigarar av ein eigedom med jordbruksareal driveplikt i heile eigarperioden.

Driveplikta kan oppfyllast ved at eigaren driv sjølv, eller ved bortleige. Avtale om bortleige må være skriftleg og gjeldande for 10 år. Eigar kan ikkje seie opp denne avtalen. 

I sameige har kvar enkelt sameigar driveplikt. Meir informasjon om driveplikt finst på landbruksdirektoratet.no.

Kommunen kan gje fritak for ei viss tid, eller varig. Det kan stillast vilkår for fritaket.
Lenkje til søknad om fritak frå driveplikta.