SMIL-midlar

SMIL-midlar er tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket sitt kulturlandskap. I Hjelmeland kommune kan ein blant anna få tilskot til restaurering av eldre bygg, skjøtsel av biologisk mangfald – òg til kamp mot svartelista arter, og til miljøtiltak.

Det er ei sentral forskrift for ordninga, men kvar kommune lagar sin eigen lokale strategi. Lokal strategi er utarbeida for å få ein meir målretta innsats, med utgangspunkt i lokale behov, utfordringar og målsetjingar. Strategien for bruk av SMIL-midlar gjeld for ein 4- årsperiode. Noverande strategi vart vedtatt av kommunestyret i april 2016.

Søknadsfrist er 15. februar og 1. oktober.

Landbruksdirektoratet - om ordninga

Landbruksdirektoratet - søknadsskjema

Forskrift om tilskot til spesielle mijøtiltak i jordbruket