Taksering av eigedomsskatt

Hovudtaksering er gjennomført  i 2019 og 2020 med verknad frå skatteåret 2020. Taksten gjeld i inntil 10 år, med mindre det er endringar. Taksten vert skriven ut årleg innan 1. mars. Eigedom med endring som nybygg, tilbygg eller bygg revet i et år, får endring i taksten frå neste utskrivingsår. 

Kva skal takserast?

Eigedomsskatteutskrivinga omfattar bustad-, fritids- og landbrukseigedom, ikkje landbruksbygg/ landbruksareal i drift. Det inkluderer tomter, festetomt, næringseigedom og straumlinjenett.  Særskilt skattegrunnlag (tidligere produksjonsutstyr i verk og bruk) ver utskriven i gjeldande overgangsperiode (tom 2024)

Korleis blir eigedommane taksert?

Grunnlag for takseringa er opplysningar frå matrikkelen, som type eigedom/bygg og bruksareal (BRA) for tomt og bygg. I tillegg takserast anlegg som ikkje er registrert i matrikkel, slike som kai, småbåtanlegg, oppdrettsanlegg, masseuttak og energianlegg (straumlinjenett mm.). Bustad- og fritidsbygg, samt bygg med privat føremål på landbrukseigedom skal takserast likt som bustad- og fritidseigedom.
Rettleiing for utrekning av BRA. (PDF, 384 kB)

Metode for taksering

Hovudmetode for taksering er bruk av sjablongprisar for tomt og bygg. I tillegg skjønnsmessig vurdering, faktorberekning for justering av standard på eigedomen (alder, vedlikehald, kvalitet) og forhold rundt eigedomen (utsikt, tilgang til sjø, støy m.). I tillegg sonefaktor som tek omsyn til lokal pristilpasning i geografiske områder i kommunen og til antatt salsverdi. Taksten skal gjenspegle antatt marknadsverdi pr 01.01.2020.

Nasjonal reduksjonsfaktor justerer ned skattetaksten for bustad/fritidseigedom med 30% (takst * 0,7).
Kommunestyret vedtar promillesats og evt botnfrådrag for kommande år i årleg budsjettvedtak i desember.

Brev til eigarar

Me sender brev til deg som eigar eller eigarrepresentant med informasjon om når synfaring er planlagt, og eit faktaark med registrerte matrikkelopplysningar om eigedomen. Det vert laga skjema for at du kan melde frå til kommunen om eventuelle feil på faktaark, eller informere om spesielle forhold på eigedomen. Det er ikkje nødvendig at du som eigar deltek på synfaring for bustad eller fritidseigedom. Du får nærare informasjon om planlagt synfaring om du ønsker å delta på din eigedom.

Skjema du må bruke for å melde frå om eventuelle faktafeil.