Lokalt regelverk

Alkoholpolitisk plan vart vedtatt i kommunestyresak 020/24.

 Rammer og generelle føresegner

  • Plan og forvaltning har ansvar for kommunen si kontrollverksemd og handtering av løyvingssaker.
  • Kontrolltiltaka skal samsvare med forskriftene i Alkohollova kap.7.  
  • Søknader om skjenkeløve må vurderast  nøye i kvart enkelt tilfelle jfr. Alkohollova, § 17a.  Areal- og forvaltningsutvalet skal evaluere og følgje opp kommunens løyvingspolitikk.
  • Brot på løyvingsbestemmingane kan medføre tap av skjenke- eller salsløyve. 
  • Løyve gis for ein kommunestyreperiode av gangen.

Salsløyve

  • Kvardagar; i butikken si opningstid, maksimalt fram til kl. 20:00. 
  • Dagar før søndagar og heilagdagar; i butikken si opningstid, maksimalt fram til kl. 18:00. Unntak: dagen før Kristi Himmelfartsdag.
  • Styrar/stadfortredar skal dokumentere bestått kunnskapsprøve.

 

Salsløyve i alkoholklasse 1 kan i utgangspunktet berre gis til ordinære daglegvarebutikkar. 

Salsløyve i alkoholklasse 1 og 2 kan likevel gis til bedrifter med eigenproduksjon etter staten sin definisjon av dette. Slike bedrifter må ha statleg produksjonsløyve. 

Skjenkeløyve

A - Skjenketid ved ordinære løyve og ambulerande løyve: 

  • Kl. 11:00-01:00 for alkohol klasse 1, 2 og 3
  • For bedrifter med restaurant/hotellkonsept kan det for lukka lag tillatast skjenking av alkohol klasse 1,2 og 3 til kl. 01:30
  • For bedrifter med restaurant/hotellkonsept kan det for lukka lag søkast om utvida skjenkeløyve fram til kl. 03:00  

B - Løyve ved enkelthøve og ambulerande løyve

Ambulerande løyve og løyve ved enkelthøve skal ikkje gis til arrangement der ungdom under 18 år er viktig målgruppe. 

Sjå eige punkt C) om vilkår for uteskjenking

 Søknadsgebyr for søknad om løyve ved enkelthøve: For inntil 50 personar: kr 400,

  • For inntil 100 personar: kr 800,-
  • Over 100 personar: kr 1000,-

 

Det vert ikkje gitt løyve til skjenking ved enkelthøve meir enn åtte gonger i året til same skjenkestad/same arrangør. Kan fråvika dette om søkar har teke kunnskapsprøven for skjenkeløyve. Det vert ikkje gitt skjenkeløyve ved enkelthøve til skjenking av alkohol klasse 3.

C - Uteskjenking:

  • Området skal vera tydeleg avgrensa med tau, gjerde eller liknande. For sidersmaking i kombinasjon ved gardsvandring kan det tillatast prøvesmaking i frukthage i samband med guida tur. 
  • For bedrifter med restaurant/hotellkonsept kan det det tillatast skjenking ute fram til kl. 01.30 på avgrensa område ved hotell/restaurant. Dette omfattar alkohol klasse 1,2 og 3.

D - Avgrensingar kring flytting/utviding av ordinære skjenkeløyve: 

I samband med arrangement kan ein tillate at bedrifter med skjenkeløyve innafor Hjelmeland kommune kan utvida sine løyve til å gjelda del av arrangementet. 

Kvart område skal vera tydeleg avgrensa, jfr alkoholloven prg 4-2. 

Viss det er ein bedrift som leverer til heile arrangementet, kan skjenkeområdet vera tilpassa det. På arrangement der slike bedrifter er inne, kan det ikkje i tillegg gis løyve til skjenking ved enkelthøve. 

Utviding av ei bedrift sitt skjenkeområde til å omfatta heile eller delar av arrangement, krev samtykke frå kommunen. Kommunen kan setja vilkår for ei slik utviding

E - Mynde til tildeling av løyve:

Kommunedirektøren får delegert mynde til tildeling av ambulerande løyve for alkohol klasse 1,2 og 3, samt mynde for utviding av skjenketid/skjenkeareal. 

Kommunedirektøren får også mynde til å tildela løyve ved enkelthøve, når desse skjer etter same mal som tidlegare år, og røynslene er gode.

 Døme: Faste arrangement som vert gjennomført etter same leisten fleire år på rad. Areal og forvaltningsutvalet får mynde til å tildela ordinære løyve og løyve ved enkelthøve (fyrste gong)