Tilskot til grøn omstilling

Føremålet med ordninga er å stimulera til tiltak som gir reduserte klimautslepp og hindrar forureining. Ordninga skal også stimulera til næringsutvikling og innovasjon.

Verkeområdet for ordninga er Hjelmeland kommune.

Les retningslinjene for tilskot til grøn omstilling for næringslivet

Søknadsfrist

Midlane blir som hovudregel fordelt etter to årlege søknadsrundar, med søknadsfrist 15. april og 15. oktober. 

Søknad

Søknaden må innehalde korte og rette opplysningar:

  • Fullstendig informasjon om søkaren og eventuelle samarbeidspartnarar.
  • Utgreiing om prosjektet: føremålet med prosjektet, utgreiing om utfordringa som prosjektet skal løyse, kor stor den forventa klimagevinsten/miljøgevinsten er.
  • Finansiering: søknadsbeløp, eigenkapital og bidrag frå andre offentlege aktørar.
  • Budsjett skal lastast opp i ei ega fil.

Fyll ut elektronisk søknadsskjema