Bedrifter som ligg i Hjelmeland kommune kan søka om tilskot til næringsføremål. Det kan vera etablering av ny næring eller til investeringstiltak.
Dersom du søker om tilskot for byggetiltak eller andre tiltak som krev offentlege løyve, må det vera gitt løyve før du kan få tilskot.
Budsjettramma er kr 1 500 000 pr. år.
Les meir om ordninga for bruk av kraftfondet.
Søknadsfrist
Midlane blir fordelt etter to årlege søknadsrundar, med søknadsfrist
Fyll ut elektronisk søknadsskjema
Søknad
Søknad må innehalde
- ei utgreiing om den planlagde etableringa/tiltaket det blir søkt om tilskot til
- det må leggast ved kostnadsoverslag og finansieringsplan
- namn på bedrifta og organisasjonsnummer
- beløp det blir søkt om tilskot til
- opplysningar om kva for anna offentleg støtte bedrifta har mottatt i løpet av åra 2021, 2022 og 2023 og kven som har gitt denne støtta
Publisert 30.09.2022 22.40
Sist endra 18.11.2024 15.17