Kommuneplanar under arbeid

Denne hausten og vinteren pågår det ein del planarbeid med “Hjelmeland 2036” i fokus.   

Planane handlar om korleis vil me at framtida vår skal bli i Hjelmeland i åra framover.  

Klikk deg inn på boksane over så får du litt innblikk i den enkelte plan.

Det handlar om næringsutvikling,  frivilligarbeid,  tenestetilbod,  barn-og unge,  naturverdiar, bu-og rekreasjonsmiljø osv  

Den såkalla “innsatstrappa” blir òg ein viktig del av prosessane framover.  Det handlar om korleis me skal rigge samfunnet vårt for ein stadig aukande andel eldre i befolkninga.
 

Korleis skaper me framtidsretta og attraktive bygder saman ?

Kommuneleiinga vil rundt i alle grender på folkemøter.  Alle møta startar kl 18.00 og varer eit par timar, og “kjøreplanen” er slik: 

  • 4.  november     Vormedalen grendahus
  • 5.  november     Jøsneset grendahus
  • 11.november    Fjordahuset Jøsenfjorden
  • 12. november   Årdal omsorgsenter
  • 13. november   Randøy grendahus
  • 20.november    Kommunestyresalen Hjelmeland
  • 21.november    Fister skule

 

Borgarundersøkinga 2024


Korleis meiner folk det er å bu og leve i Hjelmeland kommune? Som ledd i medverknadsprosessen blei det sommaren 2024 utført ei undersøking om nettopp dette.  Dette gir eit nyttig og godt grunnlag for det vidare planarbeidet.

Resultata frå  Borgarundersøkinga Hjelmeland 2024 (PDF, 3 MB)
Hjelmeland samanlikna med andre kommunar:
Borgarundersøkinga topp 10

 

Planstrategi og Planprogram

Framtidig planarbeid blir tufta på kommunestyrevedtak 62/24 Planstrategi og planprogram for revisjon av kommuneplanen.

Planstrategien gir mellom anna ein oversikt over kva planar som skal lagast framover og når
Planprogrammet er ei “kokebok” for korleis me nå skal arbeide med kommuneplanens samfunnsdel (2024-2025) og kommuneplanens arealdel 2025-2026).
 

Utsikt over Ombofjorden frå Åsland Svanhild Hjorteland Gbada