Arealdel

Me startar arbeidet med revisjon av arealdelen hausten 2025. 

Kommuneplanens arealdel er det ein gjerne forbind med fargar og skravur på eit kart.  Ja, og alle desse fargane og skravurane avgjer kor og kva som kan byggast, og kva som skal vernast.   Planen viser kor bustad-og hyttebygging skal skje, kor landbruk skal prioriterast og kor oppdrett i sjø skal skje osv.   

Det er òg eit sett med føresegner som forklarar korleis dei ulike områda skal forvaltast. Kommuneplanens arealdel er juridisk bindande for arealbruken, og det er plan-og bygningslova som gir føringar for korleis ein slik plan skal lagast.

Her er link til gjeldande kommuneplan, vedtatt i 2019.  

Du finn også gjeldande plan på arealplaner.no 


Skal arealdelen snart reviderast ?

Kommunestyret vedtok i september 2024
 Planstrategi og planprogram for kommuneplanen.  

Dette dokumentet fortel mellom anna kva planar som skal lagast framover, og når.  

Først skal kommuneplanens samfunnsdel reviderast. Det er eit planarbeid som starta nå hausten 2024.  

Kommuneplanens samfunnsdel skal innehalde ein arealstrategi, dvs eit sett med overordna føringar for det vidare arbeidet med arealdelen.  Så allereie nå må me begynne å tenkje på grove trekk i vår ønskja arealbruksutvikling.  Målet er at kommunestyret skal vedta samfunnsdelen i juni 2025.

Arbeidet med sjølve kommuneplanens arealdel tek ein sikte på å starte med hausten 2025.

Det vil bli gitt nærare informasjon om høve til medverknad når arbeidet startar opp.