Byggeråstoff

Hjelmeland kommune er rik på naturressursar som sand, grus, naturstein og pukk. Samstundes er dette ei knapp ressurs, og det er viktig å ha ein overordna langsiktig plan for bruk og vern av område knytt til dette - og ein strategi for eventuelle uttak.

Planforslag

Hjelmeland kommunestyre vedtok i sak 11/25 den 20.02.2025 å leggje forslag til Kommunedelplan for byggeråstoff og massehandtering ut til offentleg ettersyn, jf plan- og bygningslova kap 11.

Planen er ein temaplan, og ikkje ein juridisk bindande arealplan. Planen gir føringar for vidare planlegging i kommuneplanens arealdel og for forvaltning massehandtering. Ressursområde som er prioritert her, må konsekvensutgreiast på eit meir omfattande nivå før ein eventuelt kan vurdere å ta de inn i kommuneplanens arealdel. 

Planforslaget inneheld følgjande prioriterte ressursområde

Pukk

  • Knutsvikheia, Jøsneset
  • Dyneneset, Hjelmeland
  • Sandanger, Randøy (begynt uttak)


Sand/grus

  • Moen, Jøsenfjorden
  • Storhogg/Melandsmoen, Jøsenfjorden
  • Krossleite, Jøsenfjorden
  • Laugalandsbrekka, Vormedal
  • Mæle, Årdal
  • Lund/Sedberg, Årdal 
  • Tjentland, Årdal
  • Riveland, Årdal - som mogleg omsynssone for å ivareta ressursen frå nedbygging


Naturstein
Ingen nye. Vidareføring av dei det er drift i på Randøy, Randøy stein og Sandanger steinbrot.

Sjå planforslaget Kapittel 7 for meir detaljert oversikt

 

Opne informasjonsmøter

  • 11. mars kl. 18.00    Fjordahuset Jøsenfjorden
  • 20. mars kl. 18.00    Jøsneset grendahus
  • 25. mars kl. 18.00    Hjelmeland kommunestyresal – blir òg sendt på nett
  • 26. mars kl. 19.30    Storstova Årdal omsorgsenter

I møta blir òg forslag til Kommuneplanens samfunnsdel presentert.

Slik sender du høyringsuttale

Frist for uttale er 16. april 2025

Planarbeidet skjer i tråd med plan-og bygningslova sine reglar om medverknad, kunngjering og høyring.  På denne type overordna plan blir det ikkje sendt ut varsel til den enkelte/alle innbyggjarar.  Høyringsutkastet blir kunngjort i aviser og på nett,  sendt til eksterne planmyndigheiter og til dei som hadde innspel til oppstart av planarbeidet.   Alle kan likevel meine noko om planforslaget.

Vidare framdrift

Etter at høyringsfristen er over, vil administrasjonen går gjennom og vurdere alle innkomne uttalar. Deretter blir saka fremja på nytt til dei politiske utval  Alle innkomne merknader vil følgje saken til politisk behandling. Ein tek sikte på endeleg avgjerd i kommunestyret før sommaren 2025.

Her er link til saken.

Planforslaget i pdf- format
Vedlegg 1 - Mineraloversikt Hjelmeland
Vedlegg 2 - Kartfesting mineraloversikt
Vedlegg 3- innspel og merknader med kommentarar
Vedlegg 4 - innspel og merknader originalversjon
Vedlegg 5 - Konsekvensutgreiing overordna (PDF, 3 MB)