Kommunedelplan - naturmangfald
“Hjelmeland naturlegvis” er vår visjon. Den spelar mellom anna på at Hjelmeland er rik på natur og at fleire av våre næringar er tufta på naturlege ressursar. Men veit me nok om naturmangfaldet i kommunen vår?
Naturmangfald handlar om både biologisk, landskapsmessig og geologisk mangfald på land og i sjø. Eit kjempestort tema med andre ord.
Kommunedelplan for naturmangfald skal gi nokre svar på kva me har og kva me skal prioritere å kartlegge framover - og den skal gi føringar for korleis me skal forhalde oss til naturverdiane i samfunnsutviklinga framover.
Framdrift og høyring
Arbeidet med å lage eit planforslag pågår. Planarbeidet er litt forsinka, men me tek sikte på å legge fram eit forslag til politisk behandling våren 2025.
Når forslaget er vedtatt av kommunestyret, blir det lagt ut til høyring slik at du òg kan meine noko om det. Me kjem ut med meir informasjon når høyringsrunden startar
Innspel
Då me varsla oppstart av planarbeidet hausten 2024 fekk me nokre innspel. Her er link til saken, der du mellom anna kan lese innspel me har mottatt.
Planprogram
Kommunestyret har vedtatt Planprogram for kommunedelplan for naturmangfald . Dette er ei slags “kokebok” for planarbeidet. Ta ein kikk i planprogrammet så finn du òg litt om kva Kommunedelplan for naturmangfald skal svare på.
Det foregår fleire parallelle planprosessar utover hausten/vinteren, som alle handlar om Hjelmeland si framtid.
Svanhild Hjorteland Gbada
Publisert 04.10.2024 10.34
Sist endra 04.03.2025 10.02