Samfunnsdel

Kommuneplanen sin samfunnsdel er eit viktig og omfattande planarbeid - kanskje det aller viktigaste.  For dette handlar om korleis me vil at Hjelmlandsamfunnet skal utvikle seg framover mot 2036.   Så dette er aktuelt for deg og meg, for alle innbyggjarar, næringsdrivande og hytteigarar i kommunen vår. 

Politikarane i Hjelmeland har allereie jobba ein del med denne planen, og dei har vedtatt Planstrategi og planprogram for revisjon av kommuneplanen

Dette dokumentet seier litt om kva utfordringar me har, grove trekk av retning framover kva planar me skal lage i åra framover for å nå våre mål.

Planprogram

Dette er ei slags “kokebok” for korleis me skal utarbeide kommuneplanens samfunnsdel - sjå kap 4 Planprogram.

Framdrift

Hausten 2024 starta planarbeidet opp.  Tanken er at dette skal gå parallelt med andre prosessar framover.  Og det er jo naturleg,  for det er samfunnsdelen som er den heilskaplege planen for all vår samfunnsutvikling.  Og her er me avhengig av ditt engasjement og dine innspel.  

Me tek sikte på å legge fram eit planforslag til politisk behandling i februar 2025. Det vedtekne forslaget blir deretter lagt ut til høyring slik at du òg kan meine noko om det.

Innspel

Det er opna opp for innspel med frist 15. desember - send ditt innspel 

Du tykkjer kanskje det er vanskeleg å kome med innspel til dette planarbeidet.   Då kan det vere smart å møte opp på eitt av fleire møter me skal ha i haust, så kan du få litt meir info:

Grendevise folkemøter  “Hjelmeland 2036”

Det foregår fleire paralelle planprosessar utover hausten/vinteren, som alle handlar om Hjelmeland si framtid.

Kommuneleiinga vil rundt i alle grender på folkemøter.  Alle møta startar kl 18.00 og varer eit par timar, og “kjøreplanen” er slik:  

  • 4.  november     Vormedalen grendahus
  • 5.  november     Jøsneset grendahus
  • 11.november    Fjordahuset Jøsenfjorden
  • 12. november   Årdal omsorgsenter
  • 13. november   Randøy grendahus
  • 20.november    Spinneriet Hjelmeland
  • 21.november    Fister skule

På møtene blir det informert om korleis du og ditt nærmiljø kan kome med innspel til planarbeidet.

Dialog og samarbeid Svanhild Hjorteland Gbada