Føremålet med innsatstrappa: Saman skapar me tenestetilbod for framtida

Innsatstrappa viser korleis tenestene i kommunen heng saman og kva du sjølv kan gjera. Med felles forventningar og tidleg innsats, kan me i fellesskap evna å tenka nytt.

Trappemodellen viser kommunetilbodet gradert etter kor mykje dei ulike tenestene påverkar livet til mottakarane. Dei lågaste trinna er førebyggjande tiltak, medan dei høgaste er institusjonsbasert omsorg. Formålet er å dreia ressursane mot eigenmeistring og førebygging, for å redusera kostbare inngripande tiltak.

Ved å legga til rette for samhandling og styrking av førebyggjande arbeid, bidreg me til å utsetja og redusera behovet for ressurskrevjande omsorgstenester.

Innsatstrappa er ein del av løysinga, men like viktig er det at me har realistiske forventningar til kvarandre som fellesskap.

Innsatstrappa - Klikk for stort bileteInnsatstrappa Agenda Kaupang