Visjon, overordna mål og verdigrunnlag
Kommuneplanen 2019 - 2031.
Visjon: Hjelmeland – Naturlegvis
«Hjelmeland Naturlegvis» har sidan 2011 vore kommunen sin visjon, og blir eit innarbeidd slagord. Me signaliserer at me ønsker å bruka natur og naturressursane til næring, rekreasjon og bukvalitet. Me ønsker også å visa at Hjelmeland skal vera eit naturleg val for å bu, arbeida og besøka.
Hovudmål
Jobb og attraktivitet. Å legga til rette for vekst i folketalet gjennom satsing på arbeidsplassar og attraktive lokalsamfunn.
Satsingsområde
Satsingsområde 1: Vidareutvikla «trekantsamarbeidet» offentleg, privat og frivillig sektor for å skapa ein basis for felles lokalsamfunnsutvikling med vekst i folketalet.
Satsingsområde 2: Næringsutvikling med basis i eksisterande næringar og der reiseliv vert særskilt vektlagt.
Satsingsområde 3: Lokalsamfunnsutvikling på ein slik måte at det er mogleg å bygga og bu i bygda for alle generasjonar, samstundes med ei særleg satsing på tettstadsutvikling.
Etiske retningslinjer
Etiske retningslinjer for tilsette og folkevalde (PDF, 226 kB)
Publisert 30.04.2018 13.12
Sist endra 06.05.2024 11.54