Bygge nær vegen eller søke om ny avkøyrsle
Viss du ønsker dispensasjon frå veglova si byggegrense (§§ 29 og 30) og løyve til avkøyrsle i byggesaker (§ 40), så må du søke om det.
Søknad om dispensasjon frå byggegrense langs veg
Søknaden skal skildre noverande tilhøve og tiltaket det vert søkt løyve for.
Situasjonskart:
- Eit situasjonskart i M 1:250 eller 1:500
- Avstand mellom planlagt bygg (inkl. eventuelt takutstikk) og asfaltert vegkant
- Avstandane skal målsetjast på kartet
Skildring av tiltaket:
- Kva om skal byggjast/endrast
- Konsekvensar i høve til vegen (tryggleik og driftseffektivitet)
Søknad om løyve til avkøyrsle eller utviding av løyve
Søknad skal skildre noverande tilhøve og tiltaket det vert søkt løyve for.
Situasjonskart:
- Eit situasjonskart i M 1:250 eller 1:500
- Skal vise avkøyrsla med påteikna frisikt-linjer frå avkøyrsla og ut på kommunal veg
- Frisiktlinjene viser på kartet sikt for ei avkøyrsle til ein veg, etter krava til ein 30 km/t veg. 3m frå kant av kommunal veg skal det være muleg å sjå 20m i begge retninger langs vegen. Det skal ikkje være sikthinder over 50cm i høgde.
- Siktlinjer og avstand frå veg i avkøyrsla skal målsetjast på kartet.
Skildring av tilhøva for avkøyrsla, t.d.:
- Tal brukarar/bueiningar
- Stigningstilhøve
- Bredde på avkøyrsle
- Høve til snuplass på eigen grunn
Teknisk utforming av avkøyrsler skal utførast i tråd med Handbok N100 «Veg- og gateutforming».
Søknadsskjema
Søknadsskjema for avkøyrsle
Søknadsskjema dispensasjon frå byggegrense