Bruksendring

Bruksendring

Me ønsker å legga til rette for at fleire skal kunne bruke hytta som heilårsbustad. Bruksendring frå fritidsbustad til bustad må søkast om i tråd med plan- og bygningslova § 20-1 d. I tillegg må det, i dei fleste tilfeller søkast dispensasjon frå planar som gjeld der tomta ligg. 

For å gje løyve til bruksendring skal bygget ha ein standard tilsvarande heilårsbustad, jamfør byggteknisk forskrift.

For å kunne gje dispensasjon må følgande være ivaretatt:

  • bustaden skal ha innlagt straum og vatn.
  • løysing for avløp skal tilfredsstilla dei krava me sett til helårsbustad.
  • atkomst skal være vinterbrøyta og ikke være tilknytta stengt bomveg. Dette på grunn av tilkomst  for utrykningskjøretøy.
  • i søknaden skal det koma fram kva grunnen er for ønsket om omgjering til bustad.

Dispensasjon og løyve til bruksendring vert gjort for sjølve bygget. Det vil være lettare å gje dispensasjon for ein avgrensa tidperiode. Til dømes for eit bestemt antall år, til eit eventuelt sal, m.m. Midlertidig bruksendring kan i ein del høve bli gitt sjølv om ein ikkje kan gje dispensasjon til varig bruksendring.

Sakshandsaming

Søknad om dispensasjon for bruksendring frå fritidsbustad til heilårsbustad vert handsama som ein vanleg dispensasjonssak. I tillegg må det søkast om bruksendring. Det vert fakturert saksbehandlingsgebyr for både dispensasjon og bruksendring.

Dispensasjonssaker skal normalt avgjerast innen 12 veker frå komplett søknad er mottatt. Dersom saken må sendast på høyring til regionale/statlige myndigheter vert fristen forlenga med 4 veker.

Søknad

Søknad om dispensasjon må skrivast som eigen tekst. Me har ikkje eigne blankettar/skjema for slike dispensasjonssaker. For byggesaksbehandlinga nyttar ein standard søknadsblankettar.

Søknaden skal vera i tråd med § 20- 1 i plan- og bygningslova, og seia noko om:

  • Kva for ei plan det vert søkt dispensasjon frå og kva arealformål denne plana har.
  • Kva eigedom.
  • Om ein søker permanent eller midlertidig bruksendring.
  • Grunngjeving.
  • Redegjera for om ein oppfyller dei krava som vert stilt til helårsbolig (byggteknisk forskrift, veg, strøm og vann/avløp).
  • Om det er sendt nabovarsel og tilbakemeldingar på varselet.
  • Kartutsnitt kor bygget er markert.

Retningslinjer for endring av fritidsbustad til heilårsbustad.