Deling av eigedom

Deling av eigedom

Ved oppretting av ny grunneigedom blir eit areal av ein eksisterande eigedom oppmålt og gitt eit eige matrikkelnummer (gnr/bnr). Den nye eigedomen vert så ført i matrikkelen, tinglyst og registrert i eigedomskartet.
Dette gjeld og for oppretting av festetomter eller punktfeste.

For å få delt frå ny grunneigedom må du søke om delingsløyve etter plan- og bygningslova § 20-1 og eventuelt jordlova § 12

Delinga må vere i samsvar med kommune-/reguleringsplan. Dersom det ikkje er tilfelle må du søke om dispensasjon. 

Slik søker du

Er opprettinga av eigedomen i strid med reguleringsføremålet i anten reguleringsplan eller kommuneplan, må det og leggast ved eit følgebrev der du søker om dispensasjon frå gjeldande plan. 

Dispensasjonssøknaden må vere grunngitt med dei argumenta søkjaren meiner er viktige og den må nabovarslast. 

Kor skal søknaden sendast?

Hjelmeland kommune
Vågavegen 116
4130 Hjelmeland

eller til e-post: postmottak@hjelmeland.kommune.no 

 

Kva kostar det?

Du må betale for

  • oppmålingsgebyr
  • tinglysingsgebyr
  • saksbehandlingsgebyr (etter plan- og bygningslova § 20-1)
  • ev. dispensasjonsgebyr (etter plan- og bygningslove §19-2)
  • ev. saksbehandlingsgebyr for behandling etter jordlova

Sjå gebyrsatsane.

Klage

Vedtaket etter plan og bygningslova og den påfølgande matrikkelføringa kan klagast på.

Klagefristen er 3 veker og startar frå den datoen du mottek underretning om vedtaket eller matrikkelføring.

Klageorganet er Statsforvaltaren i Rogaland. Klagen skal likevel først sendast til oss i Hjelmeland kommune som kan endre vedtaket som følge av klaga eller sende klaga vidare til klageorganet for avgjerd.

Ingeborg Westersjø
Rådgjevar kart og oppmåling
E-post
Telefon 40 43 91 21
Torborg Kleppa
Rådgjevar næring og landbruk
E-post
Telefon 40 43 91 23