Samanslåing av eigedom

Samanslåing av eigedom

Dersom du er eigar av to eller fleire eigedomar og ønsker å slå desse saman til ein eigedom, kan dette la seg gjere om du oppfyller nokre kriterium. Oversikt over kriterium finn du på informasjonssida til Kartverket.
 

Slik søker du

Fyll ut skjemaet; krav om samanslåing.

Denne informasjonen må leggast ved: 

  • legg ved kart som viser eigedomane det gjeld
  • stadfesting av at eventuelt berørte rettshavarar eller liknande er varsla
Kor skal søknaden sendast?

Hjelmeland kommune
Vågavegen 116
4130 Hjelmeland

eller til e-post: postmottak@hjelmeland.kommune.no

Kva kostar det?

Samanslåing av eigedomar er gratis. 

Klage

Matrikkelføring av ei samanslåing kan påklagast av berørte partar. Klagefristen er 3 veker, og den startar frå den datoen du mottek matrikkelbrev eller underretning om matrikkelføring jf. §46 i matrikkellova.