Kriteriar for tildeling av kommunal bustad

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon

Kriteriar for tildeling av kommunal bustad

Me leiger ut kommunale bustadar til økonomisk og/eller sosialt vanskelegstilte personar. Me leiger også ut til nytilsette i kommunen. Det er bustadkontoret som behandlar søknadar om kommunal bustad.

Retningslinjene skal legge til rette for at dei personane som har størst behov skal kome i første rekke ved tildeling av kommunale bustadar. Retningslinjene omfattar ikkje kommunalt nytilsette som har behov for å leige bustad, eller omsorgsbustadar for eldre.

Kven vert rekna som vanskelegstilte?
  • Menneske med funksjonsnedsettingar 
  • Flyktningar busett etter avtale med IMDI 
  • Personar som vert utskrivne frå institusjon
  • Personar som vert lauslatne frå fengsel
  • Personar med økonomiske/sosiale problem 
  • LAR-pasientar

Dersom det er fleire søkjarar enn ledige bustadar, må bustadkontoret prioritere mellom søkjarane. I tilfeller der det må gjerast unntak, skal saka leggast fram for formannskapet.

Krav til søkjar?

Du må ha budd i Hjelmeland kommune i to år, eller vere busett her etter avtale med kommunen. Tidlegare butid, som er av ein storleik som tilseier at du har særskild tilknyting til kommunen, kan også godkjennast.

Du må ha fylt 18 år.

Du må vere utan eigna bustad, og det må vere sannsynleggjort at det ikkje er mogleg for deg å skaffe deg bustad på anna vis.

Du må vere utan inntekt og formue som gjer deg i stand til å skaffe eigna bustad.

Det kan stillast krav om at du inngår avtale om oppfølging i bustad.

Du kan ikkje drive framleige av bustaden, eller huse andre enn dei som er nevnt i husleigekontrakten ut over kortvarige besøk. 
 

Korleis søke om kommunal bustad?

Søknadsskjema. 

For at bustadkontoret skal kunne behandla søknaden din, må følgjande dokumentasjon leggjast ved:

  • Bustadattest som dokumenterer butid i kommunen
  • Informasjon om noverande bustad 
  • Utskrift av likninga 
  • Brutto inntekt per månad

 
I tilfelle der søkjar utan saklig grunn takkar nei til tildelt bustad, vert det gitt karantenetid på eitt år før ny søknad vert akseptert.

Informasjon om leigeavtalen

Leigeavtalen er tidsavgrensa, og varer normalt i tre år. I tilfelle, der ein ved inngåing av kontrakt ser at leigetakar vil ha varig behov for kommunal bustad, kan ein vurdere å ikkje setje tidsavgrensing på leigekontrakten. Tilsvarande i situasjonar der behovet for kommunal bustad er av kortare varighet enn tre år, kan leigeavtalen gjerast for eit kortare tidsrom enn tre år.

Det er ikkje krav om depositum

Kommunale bustadar skal vere røykfrie. 

Det er i utgangspunktet ikkje tillate å ha husdyr i kommunal bustad. Unntak kan gjerast når det er særskilde årsakar som tilseier at det er urimeleg å nekte dette. 

Leigeavtalen kan fornyast etter søknad/ny vurdering.

Ved behov kan ein inngå individuelle oppfølgingsavtalar knytt til leigeforholdet. Til dømes i situasjonar der ein er kjend med at søkjar ikkje meistrar det å bu.  

Dersom søkjar har gjeld til kommunen, kan ein setje vilkår om nedbetalingsavtale av gjeld før inngåing av leigeavtale.

Husleige

Husleiga i dei kommunale bustadane vert fastsett på bakgrunn av tal soverom. 

Leigetakarar kan søke om bustønad frå Husbanken.

Kva skjer ved brot av avtalen?

Dersom husleige ikkje vert betalt som avtalt, vil Hjelmeland kommune følge formelle rutinar for utkasting.

Leigetakar pliktar å halde bustaden i den tilstand den var ved overtaking. Dersom kommunen vert gjort kjend med at bustaden vert utsett for vandalisme, eller nytta til anna formål enn det den er meint til, vil leigeavtalen avsluttast.
 

Kva skjer når leigekontrakten går ut?

Leigetakar skal opplysast skriftleg i god tid før leigekontrakten går ut. 

I saker der det er kjent at vilkåra for kommunal bustad ikkje lenger er til stades, skal det informerast om at kontrakten ikkje vert fornya. Øvrige leigetakarar skal opplysast om høve til å søke om forlenging av eksisterande kontrakt. 

Søknad om forlenging skal vurderast etter dei same kriteriane som ordinær søknad.  

Dersom leigetakar har mislighalde kontrakten, kan kommunen avslå søknad om forlenging på det grunnlaget. 

Søkjarar som får avslag skal varslast i god før utløp av kontrakt. Dersom leigetakar ikkje flyttar frivillig, vil Hjelmeland følgje formelle rutinar for utkasting.

Kan eg klage på vedtaket?

Vedtak fatta i tråd med desse retningslinjene kan påklagast til bustadkontoret. Endeleg klageinstans er formannskapet. Klagefristen er tre veker frå det tidspunkt søkjar har motteke vedtaket.